onsdag 3. desember 2008

Inca Trail - Machu Picchu

Heisann! No he ej akkurat komt tilbake etter 5 daga på tur der vi følgde Incanes fotspor og endte opp i machu picchu. Det he vore en fysisk hard men flott tur. Vi begynte i Lima, der gruppa møttes på hotel exclusive, jada det va veldig flott finaste, hotellet ej he bodd på sida ej reiste på tur iallefall so ej va fornøgd med det:) Men ej fekk ikkje så mykje tid til å nyte det for vi måtte opp kl 3 på morgonen dagen etterpå for å ta flyet til cuzco!!! Når vi kom til cuzco som ligger 3300 m.o.h va alle spente på om vi ville bli dårlig av høgda, men det gjekk ganske bra vart lett tungpusta og litt svimmel men det va alt. Cuzco e en kjempeflott by med masse katedralar og store opne plassar..masse historie og kultur, men veldig kaldt. Ej måtte ut å handle klede til turen, hadde naturligvis berre shorts og sandala, men ej fekk kjpt både regnklede fleecejakke sokka og det meste. Alt e ganske billig i Peru so det gjekk ikkje så mykje utover budskjettet.
Dagen etter reiste vi tidlig med buss og vi besøkte en lokal liten landsby oppe i fjella der folk leve rimelig isolert frå samfunnet, folk bor på dei mest utrulige plassar i andesfjella og dei leve av jordbruk op pover fjellsidene. Det meste er gjort for hand og det er mykje tungt arbeid.
Etterpå for vi videre til sacred valley der vi fekk en smakebit på turen framfor oss, en times tur opp til ruinane, dei fleste var ganske slitne når vi kom opp. på grunn av høgda va det tungt å puste.

På dag tre begynte sjølve inca trailen og alle va spente gira på å starte, vi hadde folk som bar all bagasjen vår så vi slapp å bære anna en det mest nødvendige når vi gjekk. Bærerane va ganske fantastiske, dei hadde 25 kilo på ryggen og sprang opp over fjella i sandala, når vi kom fram til der vi skulle ha lunsj va dei klare med opprigga telt, mat, drikke, vaskevatn osv alt bar dei på ryggen og dei starta å gå samtidig som oss!! Når vi kom fram til campen va telta opprigga og alt klart til oss. Vi fekk snacks og middag og dessert, og ej følte at alt vi gjorde va å ete,,hehe ingen slanketur med andre ord. Men dei va veldig søte å gjorde alt for at vi skulle ha det bra:)
Dag en va rimelig lett og vi kom tidlig fram til campen og fekk slappa av. Dag to våkna vi klokka 6 og frukost klokka sju, ingen fekk sove særlig godt uansett pga av regnvær og vind om natta og en hane som begynte å gale i fire tida. Denne dagen va den hardaste, vi gjekk tilsamman 12km og den meste berre oppover. Det høgaste punket heitte Dead womans pass og ligge 4225 m.o.h havet!! Det va en god følelse når ej endelig kom på toppen etter mykje slit og høgda gjer det også hardare å puste. Etter det va den nedover i ca to timer og det var godt å komme til campen å få av seg våte klær å få litt mat. Den natta sov ej godt, kun av utmattelse..hehe.
Dag tre va den lengste dagen å vi gjekk 16km, det va ikkje så hardt som dagen før men det var en lang dag..Dei siste timane var det berre nedover og det var tøft for knea..Guiden vår Silver sprang nedover trappetrinna og ej gjorde mitt beste for å følge etter, men det var ikkje lett, ej klarte meg ganske bra uansett og hadde nok en fordel med at ej he gått på fjellet før, nokre av dei andre hadde problemer med å henge på lasset å blei alltid liggande litt etter, men vi va ei ganske bra gruppe å alle støtta å hjalp kvarandre.

Siste morgonen stod vi opp klokka 4! ej hadde ikkje fått sove noke særlig den natta og va rimelig trøtt og sliten. Men vi gjekk avgårde å målet va Machu Pichu...vi gjekk og vi gjekk.....det føltes iallefall slik, me etter ei stund kom vi til solporten der vi fekk første glimt av ruinane, det va endel skodde men avogtil klarna det opp så vi fekk sjå. Etter ei stund kom vi fram til sjølve machu picchu, det var en god følese å endelig ha komt fram, vi var skitne slitne og trøtte og alt ej ville egentlig var å sove...Etter kvart gjekk vi rundt å guiden vår viste og forklarte oss om forskjelliga plassar( ej va altfor trøtt til å følge med) men det begynte å klarne opp å sola kom fram. Ej bestemte meg for å klatre opp på Waynapicchu som e fjellet oppom machu picchu der e den beste utsikta. To fra gruppa mi blei med å vi satte i gang, vi var allereie oppbrukt å det va rimelig bratt, men vi kom oss opp og de oppe va det fantastisk utsikt over ruinane og område generelt, det va virkelig verdt den ekstra innsatsen:) Ej måtte selvfølgelig klatre opp på den høgaste steinen og Donald frå Canada min teltkamerat va rimelig bekymra..hehe, men han måtte ta bilde.
Når vi kom tilbake til cuzco var ej heilt ferdig, men det va veldig godt med en varm dusj etter fire daga uten å nokre reine klede:) deretter va det senga og i dag stod ej opp klokka seks for å ta flyet tilabke til Lima. her bor ej på et superkoselig hotell som ej bodde på den første natta her også med internett på rommet!! EJ klarte å legge igje telefonen min på det fancy hotellet før inca trailen og idag gjekk ej dit igjen og heldigvis hadde dei den:) Men ej he allereide sperra sim kortet så mamma viss du sende meldig fe du ikkje svar!!
Imorga reise ej til brazil og det blir to veke med starnd liv før ej kjeme heim..skal bli godt, kjenne at knea mine ikkje e heilt gode etter all traskinga..Men det va virkelig ett v høgdepunkta på heile turen!!
Skal skrive litt om costa rica ogå, det kjeme etter dinne bloggen:)
Anna


Skal det vere ei høne...Markedet i cuzco
Damene i landsbyen vi besøkte, dei veva Lamamamma og lamaunge
Sacred Valley
Gjengen klare for turen!
Ett esel på veien
Hoppsann!!!
Campen vår første dagen
Utsikt over snøfjella..det snør først på femtusenmeter
Vi går å vi går...
Lunsj:)
Endelig oppe..Dead womans pass 4200 over havet
Resten kom og tilslutt og vi fekk tatt bilde av heile gjengen

Bærarane..desse bærer propantankar!!!
Anna og Andesfjella
På toppen av eit pass..skodda ødela eidel av utsikta
Ingangen til kjærlighetstunnelen..ikkje særlig romantisk spør du meg..heh
Alle bærarane våre og kokken og heile gjengen..tilsamman 17mannskap på 12 turistar
Heile gjengen samla
Klokka e her fem om morgonen og ej e ikkje serlig entusiastisk
Flott utsikt
Morgenstund
Forste glimt av Machu Picchu gjennom skodda
Gjengen foran machu picchu
Machu picchu
Meir Machu Picchu
Endelig opp paa fjellet Waynapicchu Flott utsikt herifraa
Ej maate heilt til topps:)
Andes
Sliten og fornoygd


Ingen kommentarer: